Etablering av arbeidsgruppe i Vestland.

Laurdag 17. oktober var det samla 18 personar i Bergen for startskotet med å etablere partiet Sentrum Vestland. Dei 18 representerte eit breitt politisk landskap frå høgre til venstre i norsk politikk.
– Det er svært gledeleg at vi allereie no når breitt og vi har trua på at det nye partiet vil vere ein reelt alternativ for mange veljarar i fleire parti.
Partiet Sentrum som vart lansert med brask og bram for 14 dagar sidan har på denne korte tida fått prege mediabildet og satt agenda for viktige saker som utanforskap og internasjonal solidaritet.
Mange gode ord har vi fått på vegen men det har heller ikkje vorte spart på kruttet når det gjeld kritikk. Både ros og ris tar vi imot når det vert er prega av respekt.
På samlinga i Åsane vart det satt ned eit interimsstyre som skal jobbe med å etablere fylkeslag i Vestland: Stein Robert Osdal (leiar), Audun Mundal frå Gloppen, Marita Bru frå Austerheim, Arez Sharif frå Bergen, Paal Myklebust frå Fyllingsdalen, Trond Gammelsæter frå Knarrevik og Marianne Tomren frå Bergen.
Vår fyrste oppgåve er å jobbe med å få flest mogelege underskrifter slik at vi når målet på 5 000 underskrifter før nyttår, deretter vert målet å få på plass eit formelt fylkeslag med formelt valt styre.
I media:

Kontakt