Sabrin Mohammed Ali kom til Noreg i 2015. Her har ho fått to barn, som begge er norske statsborgarar. Familien bur på mottak på Stord. Få dagar før jul fekk Sabrin endeleg avslag på søknad om opphald, og melding om å forlata landet innan 1. jan 2022. Dette inneber å reisa frå barna som har budd heile livet med henne – og er norske statsborgarar.
Denne veka vart det holdt ei spontan støttemarkering på Leirvik. Partiet Sentrums Dag Sele holdt appell:
«Korleis kan ein sei at ein vektlegg barns beste og samtidig senda ei småbarnsmor, mor til mindreårige, norske barn, ut av landet og be henne søkja om familiegjenforening om to år?
Dette er ei hjarteskjærande sak, som må få ei ny vurdering!
Me kan me vel ikkje som nordmenn vera bekjent av dette, eller?
Er dette i det heile mogeleg å forena med vårt sjølvbilete som ei humanitær kraft i verdssamfunnet?
Det som gjer saka enno meir alvorleg er at ho er eit eksempel på ein politikk og ein praksis som me er veldig mange i Noreg som skjemmest djupt og inderleg over.
Det er skuffande, men dessverre ikkje overraskande, at ei Ap-leia regjering ser ut til å vidareføra den same Frp-inspirerte flyktningepolitikken som den forrige regjeringa førte.
Og me høyrer frå UNE i både denne og andre saker at innvandringsregulerande hensyn veg tyngre enn barns beste!
I tillegg kjenner me til at UNE altfor ofte står for ei summarisk klagebehandling, utan nemneverdig rettstryggleik!
Difor meiner eg at UNE må erstattast av ein instans som er ein rettsstat verdig. Og forvaltninga må få tydelege politiske signal om at Stortinget har meint alvor om at barns beste skal vega tyngre! Det må ikkje etterlatast nokon tvil om at den norske stat ikkje skil mor og småbarn, midt i julehøgtida, fordi me ikkje har rom for henne i vårt herberge.
La oss inderleg håpa at det blir eit så sterkt folkeleg engasjement, både om denne og andre saker, at det gjer eit sterkare inntrykk på statsministeren enn frykta for å mista veljarar!
Høyrer du oss, Jonas? Me har nemleg større forventningar til politikarar som seier dei byggjer på solidaritet med dei som er vanskelegare stilt!
No må du visa oss at du er tilliten vår verdig!»

TEKST

DAG SELE

Sentralstyremedlem

Pin It on Pinterest