ER DE KOMFORTABLE MED DETTE, AP- OG SP-MEDLEMER?

Kor lenge vil Ap og Sp sine medlemer og veljarar vera komfortable med at regjeringa deira fører ein politikk som dei må søkja støtte for langt ute på høgresida?

Tekst: Dag Sele, medlem sentralstyret Partiet Sentrum

Fredag som var opplevde me strålande politisk satire på Nytt på nytt i NRK. Slik satire som gjer at du først ler godt og deretter blir sittjande med ein litt bekymra ettertanke. Tema var at Noreg ikkje vil henta heim dei fire såkalla «IS-barna», eller «barna», som Maren Lundby helst ville kalla dei. Og Pernille Sørensen følgjer opp med ein svært treffande karakteristikk: «Det er en fast regel i Norge at barn skal straffes for det foreldrene har gjort. Arvesynd er en stolt norsk tradisjon. Vi hadde ikke fått så flotte ordninger som tyskerunger, for eksempel, hadde vi ikke hatt arvesynd.» Og når det blir peika på at Noreg synest vera sist i norden med å henta heim våre eigne barn, sit vel latteren litt fast i halsen når Lundby manar til konkurranseinstinkt og Yousef Hadaoui slår fast: «Tenk at vi er bak Danmark! Vi er mer rasistiske enn Danmark. Det er sjukt!»

Av og til er politikken såpass rar at det må komikarar til for at me skal forstå alvoret.

Støre og Vedum er no i den situasjonen at dei har alle partia i sentrum og på venstresida mot seg i sin iver etter at innvandringspolitikken skal vera meir streng enn human og at «innvandringsregulerende hensyn» skal trumfa kva som er barns beste. Dette ser me anten det gjeld norske barn i Syria eller norske barn som opplever at mor skal sendast ut av landet pga ein påstått feil, som t.d. i saka til Sabrin på Stord. Etter at Venstre og KrF, fri frå bindingane til den blå regjeringa, heldigvis ser ut til å ha funne tilbake til sitt flyktningepolitiske frimod, er regjeringa altså avhengige av støtte frå Frp og dels Høgre for sin asyl- og innvandringspolitikk.

Spørsmålet mitt blir difor kor lenge Ap og Sp sine medlemer og veljarar er komfortable med at regjeringa deira fører ein politikk som dei må søkja støtte for langt ute på høgresida. Kanskje må de som kjenner dei godt seia såpass tydeleg ifrå at dei blir meir redde for å mista sine eigne kjerneveljarar enn at Frp skal få nokre ekstra stemmer.

Dag Sele

Sentralstyremedlem i Partiet Sentrum

Pin It on Pinterest